søndag 27. september 2009

Pannebånd

Adrian ville ha pannebånd, så eg lot han plukke tråd fra restekassen min.
Han valgte ut desse fine fargane, og han valgte sjølv rekkefølga.





Blei så fine atte ;)

Pakke fra Anette :)

Fredag på skulen hadde venninna mi Anette med pakke
til meg på skulen :)



Kjempe søt kopp :) Fin tråd, bok, og sist men ikkje minst "nøste lager"

Tusen tusen takk!

tirsdag 22. september 2009

Ei lita veske...

(Nesten) ferdig med ein julepakke. (Mangler berre hankene...)


Skrivemaskinen og teksten er sydd ved hand, stitchery :) Veldig kjekt!


Alpakka

Dette babyteppe er strikka i Drops (baby?) alpakka. Det er heilt herlig mjukt, eg gleder meg til å pakke ein baby inn i det! :)

Det er superenkelt å strikke. Eg berre begynner med tre masker. Så auker eg i maske nr to kvar omgang. Eg strikka nesten to nøster til midten, så minka eg tilbake. Det gjorde eg ved å strikke maske nr 2 og 3 sammen heilt til det stod igjen tre masker...


Enkelt og veldig raskt. Eg brukte pinne nr 5,5 (trur eg..). Ein kan velge pinner etter kor fast ein vil ha det. Eg likte det slik! Veldig mjukt :)

"Nøstebarn" ullbukse

Får kjeft fordi eg er så treg å oppdatere, men her kjem altså litt nytt fra meg...

I sommar begynte eg på ei ullbukse til ein liten baby som skulle ha kommet ut no her om dagen... Nokre dagar på overtid no, så kjem vell snart... :) Pakken er vertfall klar!



Den er strikka etter oppskrifta i "Nøstebarn" boka, og eg har brukt New Zealand lamull (fra knit123)

Tynn, lett og herlig :)