søndag 27. september 2009

Pannebånd

Adrian ville ha pannebånd, så eg lot han plukke tråd fra restekassen min.
Han valgte ut desse fine fargane, og han valgte sjølv rekkefølga.





Blei så fine atte ;)

Pakke fra Anette :)

Fredag på skulen hadde venninna mi Anette med pakke
til meg på skulen :)



Kjempe søt kopp :) Fin tråd, bok, og sist men ikkje minst "nøste lager"

Tusen tusen takk!

tirsdag 22. september 2009

Ei lita veske...

(Nesten) ferdig med ein julepakke. (Mangler berre hankene...)


Skrivemaskinen og teksten er sydd ved hand, stitchery :) Veldig kjekt!


Alpakka

Dette babyteppe er strikka i Drops (baby?) alpakka. Det er heilt herlig mjukt, eg gleder meg til å pakke ein baby inn i det! :)

Det er superenkelt å strikke. Eg berre begynner med tre masker. Så auker eg i maske nr to kvar omgang. Eg strikka nesten to nøster til midten, så minka eg tilbake. Det gjorde eg ved å strikke maske nr 2 og 3 sammen heilt til det stod igjen tre masker...


Enkelt og veldig raskt. Eg brukte pinne nr 5,5 (trur eg..). Ein kan velge pinner etter kor fast ein vil ha det. Eg likte det slik! Veldig mjukt :)

"Nøstebarn" ullbukse

Får kjeft fordi eg er så treg å oppdatere, men her kjem altså litt nytt fra meg...

I sommar begynte eg på ei ullbukse til ein liten baby som skulle ha kommet ut no her om dagen... Nokre dagar på overtid no, så kjem vell snart... :) Pakken er vertfall klar!



Den er strikka etter oppskrifta i "Nøstebarn" boka, og eg har brukt New Zealand lamull (fra knit123)

Tynn, lett og herlig :)

tirsdag 30. juni 2009

Herlige sommardagar....

Me nyte dagane heime hos mamma og pappa på rorbua...
E so fantastisk nydelig. Her ser dåke ein herlig juni
kveld kl 20....




mandag 29. juni 2009

SOMMAR

Endelig sommarferie! :)
Typisk er det alltid slik at når ein har lov og allverdens
tid til å strikke, så gjer ein det ikkje... Men, eg har fått
strikka litt!!! Holder på med to-tre forskjellige prosjekt...

Men eg har og tatt med meg litt scrapbooking utstyr på ferie,
så eg har dreve litt på med ei "sommar dagbok". Veldig kjekt. Eg
skriv om dagen på ei side (6x6 inch), og skal ha bilde(r) ved siden av på ei ny side.. Her ser dåke ein "smakbit"



søndag 7. juni 2009

Fleire prosjekt fullførte!

No har eg gjort ferdig to andre halvferdige prosjekt

Eit par tova dame tøfler (upynta føreløpig)




Og eit par babysokkar


torsdag 4. juni 2009

Tørketida er over....

No har eg endelig fått strikke dilla igjen, etter ei stund med skule stress. Har hatt veldig masse å gjera, å når eg har hatt tid til avslapping har ikkje strikking frista.... Men no fekk eg lysta igjen!! Eg tenkte eg skulle gjere ferdig alle halvferdige prosjekt før eg begynne på nye... vertfall gjere ferdig nokon (Har litt vel mange liggande...umotiverande...) Igår strikka eg vertfall ein liten rosa tøffel, så no e dei ferdig tova og pynta med to blomster på kvar :)



Då var det over på neste halvferdig tøffel, og litt diverse!
Er litt gøy å fullføre ting :)

torsdag 5. mars 2009

Nøstebarn genser

No har eg endelig fått ferdig genseren som ungen til

søskenbarnet mitt skal få! :)




Eg blei ganske fornøyd med den, med desse brune albue

lappan og slikt... Så då va da øve te eit nytt prosjekt...

Kanskje fullføre litt halvferdige prosjekt.... sjølv om da e

litt kjipt....

onsdag 3. desember 2008

Blånisse gutten min


Stas med nisse hua :)


mandag 20. oktober 2008

Julius er ferdig!!


No har eg endelig fått ferdig heile Julius genseren.

Fekk litt hjelp av mamma til å hekle...



Adrian vart kjempeflott i den!

Men den klødde visst meinte han... ; )

tirsdag 26. august 2008

Endelig ei lita oppdatering......


På tide at eg får lagt inn litt. Mykje stress i sommar med reising over alt, og jobb, så blei lite tid til det eg hadde håpt på. Typisk....

Men fekk no laga ei søt lita jakke til "tantongen" min....






Har og strikka ferdig juliusgenseren, minus sjølve julius....




fredag 9. mai 2008

Julius genser

Eg begynte på ein Julius genser til gutten min her om dagen. Har aldri strikka genser før, så eg trudde egentlig at eg aldri kom til å nerme meg mål. Men eg e jo kommet longt jo!!



Tenkte da va lurt å legge den ut her, sånn at eg får litt press på meg til å bli ferdig med an....

onsdag 7. mai 2008

Favoritt bøker

Må berre sei at eg elske disse bøkene her,
da e so utrulig masse fint i dei! Anbefalast
å da varmaste, spesielt strikk til nøstebarn.


Hekta!

Eg er blitt heilt hekta på å strikke for tida! Eg har egentlig aldri kunna strikka noko særlig. Me lærte da jo på skulen og sånn, så eg kunne liksom strikka heilt rett fram og tilbake, men hadde aldri strikka noko konkret. Men så har eg i da sista året strikka nåken hue til mannen min for han like dei så godt, men da har blitt med da, for eg brukte så lang tid. Men so pluttselig vart eg hekta! Eg tenke på garn heile tida. MÅ KJØPA! Så dei siste par mnd no, har eg strikka på fullt. Da va vil sei, eg e fulltidsstudent, og mamma og kåna, så eg har ikkje akkurat strikka døgne rundt, men tar strikketøyet opp stadig vekk! Eg har mest strikka små prosjekt, som hue, skjerf, tova tøfler, votta o.l Mitt problem er egentlig at eg har lyst å strikka ALT! Ser fine ting rundtom, og har lyst å begynna på da. For tida har eg vell 5 halvferdige ting trur eg... men eg har bestemt meg for å fullføre desse før eg får begynna på noko nytt..... men da spørs ;)

Velkommen til min blogg!


No har eg og endelig fått meg blogg.

Her vil eg legga ut forskjellige ting som eg lagar, og skal prøve å holde bloggen i live med jevnlige oppdateringa.